Då eg i 1974 var i «Kongens Klær» skreiv eg eit pent og bedande brev, så fint eg berre kunne, heim til Mam'en og Pap'en. Eg spurte om dei ikkje kunne vera så snille og senda meg nokre ord — helst på ein postgiroblankett. Bøna mi var 500 kroner slik at eg kunne få melda meg på eit fallskjermkurs. Berre å få eitt hopp hadde vore nok for meg den gongen. For 500 kroner ville eg fått tolv hopp. Det var ikkje trong for familieråd ein gong. Telegrammet kom, kort og brutalt: "71 Boge stopp NEI!!! Stopp."

Klar tale med andre ord. Eg har aldri tilgjeve dei for dette telegrammet. Draumen om ei spanande framtid som fallskjermjegar var knust med tre bokstavar sett saman til dette negative ordet. Berre tanken på at soldatspiren deira skulle dingla mellom himmel og Moder Jord i fire snorer til eit laken, var meir enn nok til at avgjerda om dette vart teke, mest før konvolutten min var opna. Kort sagt: Eg fekk ingen fallskjerm den gongen – og har heller ingen fallskjerm i dag. I dag er det nokre blant dei norske "elitefolka" som ikkje treng be Mam'en og Pap'en om fallskjermar.

No hiv dei fallskjermar etter den eine og den andre som kan skilta med eit kurs på BI eller NHH. Her er det snakk om fallskjermar verd millionar ikkje berre eit par tre. Nei, det er tale om titals millionar. Og argumenta for å forsvara dette haglar uskjøneleg rundt øyrene på oss som berre kan drøyma om slike summar. Forgylte fallskjermar vert delte ut i fleng til sjefar, direktørar og bedriftsleiarar - fallskjermar som dei ikkje berre ynskjer seg, men som dei krev.

Frynsegoda som er verd fleire årsløner for kvardagsslitaren, er like vanlege. Og som den mest sjølvsagte ting, vert desse ydmyke ynskja innfridde. Sluttar dei eller får sparken, er dei likevel garantert månads- og årsløner som ligg i galaktisk avstand for oss vanlege slitarar. Det er summar som vi har vanskar med å skjøna kor store dei eigentleg er.

Så har vi Olga og Leif oppi lia, dei vanlege kvardagsslitarane som var med på å byggja landet og det velferdssamfunnet som stormannsgalne fallskjermhopparar egoistisk utnyttar med stat og fylke si velsignande hand. Olga og Leif får ein pitteliten reservefallskjerm i form av alderstrygd som knapt nok held til å leva eit anstendig og verdig liv. Minstepensjonistane har ikkje eingong ein reservefallskjerm. Det er vanskeleg for Olga og Leif og deg og meg å skjøna at det i dagens Norge skal vera så stor skilnad på folk. Og Johanna og Peder på Uren Luren, det einaste frynsegodet dei har er gjerne eit spann med spenevarm mjølk og ein smørklatt. Og Bertil og Anny i trikotasjefabrikken sit att med slunken pengesum og astma.

Det er eit klasseskilje i Norge i dag. Det finst nok av dei som lyt snu og venda på kvar einaste krone for å få hushaldningsbudsjettet til å gå i hop. Ferieturar kan dei berre drøyma om gjennom vakre, fargerike feriekatalogar. Klassen midt imellom, der mor og far jobbar livet av seg for status skuld, med 2,1 born i barnehagen, dei kan kanskje unna seg litt luksus om dei ikkje er heilt utbrende til å nyta det då. Kaksefolket nedverdigar seg ikkje til å takka ja til eit jobbtilbod utan at dei får kontraktfesta all verdas frynsegode, lønn som er uoppnåeleg for oss andre og fallskjerm som gjer sitt til at det ikkje er naudsynt for dei å gjera ein god jobb. Tvert imot kan det løna seg for dei å gjera ein dårleg jobb, få sparken og dermed verta rik. "I ditt ansikts sved skal du tjene ditt brød." Kor mykje "sved" som skal til for å sitja i styrerommet og stryka ut arbeidarar frå tilsette-lista og ut i arbeidsløyse og fattigdom, kan ikkje vera mykje å snakka om. Fallskjermmanien er ein direkte hån mot oss andre stakkarar. Og dette har ingenting med misunning å gjera.

Minstepensjonistane dett som plastsekkar med kjøt frå himmelen - hengande i eit laken i beste fall - og endar med eit brutalt klask inn i pensjonisttilveret. Otium cum dignita`te. Å kvila med ære og vørdnad? Minstepensjonisten med ære. Bedriftsleiar-eliten i skam. Kven som kan kvila med best samvit, seier seg sjølv.