Av Erik Fossåskaret

4. mars i 1952 heldt A/S Bjølvefossen styremøte i Oslo. Frå protokollen kan vi lesa at «Styret bevilget kr 500,— til festligholdelse av 1. mai i Ålvik.» (Timeløna for ein skiftarbeidar var rundt kr 2 per time.) 7. mai skriv Gudbrand Eriksen og Olaf Lofthus til bedriften: «Aalvik Arbeiderforening's 1.ste mai-komitee sender hermed Selskapet sin beste og varmeste takk for pengegaven vi fikk til 1.ste maifestlighetene! Hjertelig takk.»

Bedrift og fagforeining har gjennom åra hatt tunge tak om mangt. Men gjennom eit halvt hundre år hadde dei ei stor felles sak som tente til å utvikla samarbeid og gjensidig respekt: Å tryggja arbeidsplassar på fabrikken og å forma stedet Ålvik på ein god måte. I søknaden om støtte til 1. mai-feiringa viser Aalvik Arbeiderforening til kostnadsauke på grunn av «stedets utvidelse og tilvekst».

Selskapet sine overskot vart for ein stor del investert i bedrift og i sted. Enno meir før enn no var det Bjølvefossen sine aksjonærar aleine som rådde over prioriteringane.

I perioden 1945 til 1955 valde dei å bruka 13,3 millionar kroner til «sosiale foranstaltninger til beste for arbeidere og funksjonærer ved bedriften». I same perioden heva dei 3 millionar kroner i utbyte.

Siste halvåret har Ålvik periodevis vore i nasjonalt mediefokus. Med gjeldande vedtak om nedbygging av talet på arbeidsplassar står bygda framfor ei krise som er meir truande enn Ålvik har opplevd nokon gong sidan Bjølvefossen for alvor kom i gang i 1928. Ålvik-samfunnet har bruk for støtte frå mange hald og av ulike slag. Handfaste næringsetableringar er det avgjerande. På vegen dit tel også tiltak som uttrykkjer samhald og god vilje. 1. mai i Ålvik er i år eit stort rom som bør fyllast heilt opp med sterk symbolsk kraft. Det vil gi eit viktig bidrag til arbeidet med å føra Ålvik vidare.

Våren 1996 møttest eit stort tal utflytte ålvikarar til stemne i heimbygda. Dei som bur i Ålvik vart minna om at hundrevis av menneske over store delar av landet stadig hadde mykje av vilje og vesen vendt mot Ålvik. Desse, og alle andre med kjensler for denne plassen, har no eit eineståande høve til å visa stedet ei handsrekning – om ein no reknar det som heimbygd eller som nabobygd.

Å delta i 1. mai-feiringa i Ålvik i år er ei solidaritetshandling med den industristaden i landet som for tida er mest truga av krefter den lite rår med. Dei frå grannebygdene i fylket som elles kjenner Ålvik gjennom bilvindauga frå berre ei rask gjennomkøyring etter hovudvegen, vil frå sin plass i 1. mai-toget få sjå ei bygd som er langt meir vakker enn dei har sett føre seg.

Enno før dagen er der, kjenner vi ikkje kva vêr han gir. Somme gonger lagar 1. mai seg til som ein varm vårdag. Det er bra. For 1. mai er ein festdag. Andre gonger er det vått ruskevêr. Det óg er bra. For 1. mai er ikkje berre ein festdag, det er òg ein kampdag. 1. mai i Ålvik inviterer breitt; både dei som markerer kampdagen og dei som søkjer festdagen. Her er det plass til både dei som protesterer mot nedbygging av Bjølvefossen og til dei som vil agitera for nye etableringar.

Stadig fleire stader i landet har 1. mai vorte ein allmenn fridag. Folk tykkjest ikkje retteleg finna ei meining å fylla dagen med. Heile byar og store industristader med stolt arbeidarsoge har pakka ned fanene og pensa 1.mai-toget inn på eit tilgrodd sidespor. Ålvik derimot har halde 1. mai-dagen i hevd på eit vis som svært få stader kan visa maken til. Kan henda har det vorte slik fordi ein her har bygd saman ein samlande bygdedag og ein meiningsberande kampdag til eit frodig og livskraftig arrangement. 1. mai har i heile etterkrigstida feira stedet Ålvik.

I år vil 1. mai verta ein kampdag for ei overlevande utvikling av Ålvik. Ein slik innsats bør alle kunna slutta seg til. Den som i år reiser til Ålvik for å ta del i 1. mai-feiringa, vil bera i seg ei god kjensle av å ha svar på spørsmål om kva innhald og meining denne tradisjonsdagen kan ha i vår tid.