— Eg satsar på å få pc i hus til pinsehelga, seier Pål Slettenes til Bergens Tidende. Han er krystallklar i toppen og frisk i beina. Kvar einaste kursdag har han sykla dei tre kilometrane, langs ein av fylket sin mest trafikkfarlege riksvegar, mellom Innvik_Olden, til datakurset på ungdomskulen.Og han ramsar opp detaljar om hendingar i Olden heilt tilbake til året 1916. - Det har gått bra, både på vegen inn til Olden og på datakurset. Bilane må jo møtast på den smale og svingete riksvegen. Då er det enklare å ta seg fram med sykkel, seier Pål. Ny sykkel vart innkjøpt til 90-årsdagen: - Eg har no høyrt om Bill Gates. Og så har eg ein son som er dataingeniør. Eg tenkt å bruke datalærdommen til slektsgransking via internett. Slekta i USA, etter utvandringa før 1900, er eitt av måla mine, seier den spreke mannen.

1998-MODELL SYKKEL: Pål Slettenes (snart 93) har tatt sjansen på sykkeltransport langs Sogn og Fjordane sin dårlegaste riksveg, til og frå datakurset i Olden.Foto: Ove Sveen