TERJE ULVEDAL

Indre Sogn forhøyrsrett har avgjort at ungdommen i denne omgang må sone 60 dagar av straffa. Dei resterande 30 utstår med ei prøvetid på to år. Straffa er strengare enn det påtalemakta kravde, politiet gjorde framlegg om 60 dagar.

Overfallet skjedde om morgonen 5. september i fjor i Høyanger sentrum. 17 år gamle Sverre Boge frå Vadheim hadde nett gått av skulebussen. På veg frå bussen til den vidaregåande skulen der han er elev, vart han møtt av ein jamaldring og tidlegare kjenning frå Årdal.

Slo med metallstang Gjerningsmannen hadde utstyrt seg med ei kølleforma metallstang, og slo Boge to gonger i nakkeregionen før sistnemnde greidde å komme seg unna.

Etter overfallet blei Boge send til Sentralsjukehuset i Førde, men han slapp unna den skremmande hendinga utan alvorlege skader.

Etterpå stod Vadheim-ungdommen fram i Bergens Tidende, og fortalde at han nokre dagar før hadde fått telefonbeskjed om at han skulle drepast.

– Hadde han treft skikkeleg med slaga, veit eg rett og slett ikkje kvar eg hadde vore no. Eg meiner bestemt at han prøvde å ta livet av meg, sa Boge den gongen.

Tilstått Den sikta har sagt seg skuldig og tilstått utan atterhald.

I dommen peikar Indre Sogn forhøyrsrett på at valdshandlinga var ei planlagt handling. Overfallet skjedde for å hemne at 17–åringen frå Vadheim hadde lagt alle kort på bordet og fortalt politiet om eit innbrot dei to hadde gjort saman året før. Sverre Boge gjekk då på skule i Årdal, og hadde blitt kjend med den no dømde årdalsungdommen der.

Hell i uhell Retten karakteriserer det som skjerpande at valden vart utført med ei metallkølle.

– Sjølv om den sikta har forklart at han trefte der han sikta, må det karakteriserast som eit hell at den fornærma ikkje fekk varige mein, eller at ikkje endå verre følgjer oppstod. Ein skal ikkje slå mykje skeivt mot nakken før det får fatale konsekvensar, heiter det i dommen.

I dommen ligg også innbrotet i Indre Sogn eit halvt år tidlegare. I tillegg til fengselsstraffa må 17-åringen også betale 30.000 kroner i erstatning for skadeverk i samband med innbrotet.