1. mars-initiativet i Bergen reiser med dette framlegg om at 8. mars i år skal bli fridag (med lønskompensasjon som offentlege fridagar elles). I år er det 91 år sidan den internasjonale kvinnedagen vart feira fyrste gongen.

Ellen Hagen, Solveig Sandalsnes og Oddny I. Miljeteig 8. mars-initiativet i Bergen

I alle år har dagen vorte høgtida på ettermiddags— og kveldstid, dvs. etter arbeidstid. I fjor reiste vi i Bergen krav om å gje oss fri til å høgtida 8. mars. Ingen arbeidsgjevarar torde ta opp hansken. I år oppmodar vi igjen: gje oss fri 8. mars!

8. mars er den internasjonale kamp- og festdagen då kvinner på alle kontinent feirar våre sigrar og samlar oss om våre utfordringar. Utfordringane, i og utanfor arbeidslivet, står framleis i kø idet vi feirar den andre internasjonale kvinnedagen etter årtusenskiftet:

Framleis mottek kvinnene løn etter kjønn; i Noreg tener kvinnene gjennomsnittleg 15 prosent mindre enn menn. Legg vi inntekt til grunn, tener vi 58 prosent av det menn gjer!

Talet på kvinnelege toppleiarar aukar ikkje i arbeidslivet, korkje i det private eller det offentlege.

Utbrentheit grip om seg i arbeidslivet – og det er kvinnene som vert råka. Uføretrygding er i ferd med å bli eit kvinnefenomen!

Framleis arbeider 43 prosent av kvinner i arbeidslivet deltid. Arbeidsgjevarar både i privat og offentleg sektor byr kvinner på brøkstillingar under 10 prosent! Det uløna arbeidet i heimen er derimot kvinners ansvar.

Målet om sekstimars normalarbeidsdag synest fjernare i år 2001 enn åttetimars dagen i år 1901. Framleis jobbar menn skift med 33,6 timars veke, kvinner turnus med 35,5 timars veke.

Vald og trakassering er uløyste problem av stort omfang innan kvinners arbeidsplassar.

I år 2001 er kvinners rettsstilling i samband med seksuelle overgrep og trakassering skammeleg svak. Trass i at fleire valdtekter vert melde, går talet på domfelte saker ned. Ei styrking av kvinners stilling i arbeidslivet vil styrkja kvinners stilling på alle samfunnsområde.

I år 2001 oppmodar vi på nytt alle arbeidsgjevarar: Tillys 8. mars som fridag! La det vera ei symbolsk anerkjenning av at kampen for likestilling mellom mann og kvinne har langt att – også i arbeidslivet.

8. mars-initiativet i Bergen oppmodar kvinneorganisasjonar og fagorganisasjonar over heile landet om å reisa krav om at den internasjonale kvinnedagen vert fridag år 2001!