JAN STEDJE jan.stedje@bergens-tidende.no— Kona mi ville ha huset heilt for seg sjølv under laurdagsvasken. Dermed måtte eg stikke av. Turen gjekk til Kiwi-butikken. Eg satsa på oddsen, hest og Joker. Det siste heilt impulsivt, seier Talle til Bergens Tidende. På tv-skjermen Resten av historia kjenner alle som såg direktesendinga på tv laurdag kveld. Då hadde sjølvsagt Norsk Tipping ringt om Joker-gevinsten for lenge sidan. Til Talle i Leikanger. Og Lykke-Talle slutta på 759.000. På "ekta sognamaol" gikk han på lufta, og fortalde det norske folk at "dette forandra ingenting på livet". Meir enn ein klem - Du kjem ikkje utanom å dele dugeleg med kona som kasta deg ut under vaskeseansen?- Solveig skal få meir enn ein klem. Meir vil eg ikkje seia akkurat no, seier Terje Talle som veit at ho mellom anna ynskjer seg fliser på badet.- Eg brukar å spele på oddsen og på hest. Men sjeldan eller aldri Joker. No fekk eg plutseleg god tid på Kiwi-butikken. For husvasken skulle ta eit par timars tid, seier Terje Talle.Rutinar og meny i huset vart lagt om både laurdag og søndag. Talle og kona kom seg ikkje opp i dobbeltsenga før i 3-tida om natta. Og katten og hunden i huset fekk delta i feiringa søndag. Det vart hjortesteik på begge dei firbeinte kosedyra til Lykke-Talle.