I forkant av den store folke— og bustadteljinga 3. november, har alle nordmenn som bur i leiligheit, eller i hus med fleire bustader, fått ny adresse denne veka. Hordaland har fått 96.000 nye adresser, mens talet i det meir grisgrendte Sogn og Fjordane berre er vel 15.000.

Færre telefonar enn frykta

Torsdag fekk dei første husstandane tilsendt splitter nye adressemerke i posten. I løpet av dei siste to dagane har kring hundre bergensarar vore på tråden til Bergen kommune med spørsmål om dei nye adressene.

— Det har vore langt færre telefonar, og slett ikkje den telefonstormen vi hadde frykta. Folk er stort sett blide, seier ein letta prosjektleiar i Bergen kommune, Stein Johansen.

Sentrum størst utfordring

Også BT har fått telefonar frå folk, som klagar på at dei nye adressene refererer til feil etasje, eller feil leilegheit. Men stort sett kan kommunen retta opp det meste med eit par tastetrykk.

Korrigerte adressemerke blir likevel ikkje sendt ut før i november:

— I mellomtida ber vi om at folk fører opp rett adressenummer på det merket dei alt har fått, seier Johansen til BT.