Ekstremt fuktig og ustabil luft var årsaka til den spesielle rekorden, som SINTEF Energiforskning AS i Trondheim registrerte torsdag. Totalt slo 120.000 lyn ned i Nord-Europa, og av desse nådde 30.000 fastlandet i Norge. Frå Nordfjord i nord til Rogaland i sør målte SINTEF 7000 lyn som nådde innover land, og det er ei tredobling frå rekordåret 1997. — Dette er faktisk ei tredobling frå rekordåret 1997, seier SINTEF-forskar, Frank Dahlslett. SINTEF samarbeider med Statnett SF, som i 1995 etablerte eit automatisk system for registrering og lokalisering av lynnedslag i Norge.