Det er klart at med så mange som utset seg for så mykje, kunne ein sikkert sysselsett ein heil hær med massørar og folk som delar ut rekvirsittar. Når likevel Røde Kors er så synlege som dei er den dagen, undrar det mange, inkludert meg, at så mange avslag blir gitt. På årets tur spurte eg om to smertestillande tablettar. Svaret var at det var medisin, og det hadde dei ikkje lov å dele ut. Det er for så vidt greitt det, men kven kunne vite det?

Det er jo hyggeleg å sjå Røde Kors, og det er sikkert fin reklame på en slik dag, men skuffande for dei som trudde dei skulle få hjelp.

Kanskje arrangøren Bergen Turlag burde ha betre support til alle som fell utanfor Røde Kors sitt ansvar. I det minste på ein god måte informere om avgrensingane til Røde Kors. Men, for all del, takk for ein flott tur!

BJARNE SKARE, HORDVIK