OVE A. OLDERKJÆRStord

— Eg har aldri gått rundt med planar om kva eg skulle bruka den store lottovinsten til. Hus, hytte og bil har eg, og elles alt eg treng. Eg har vore 22 år på Westcon, og kjem ikkje til å slutta. Det er heilt sikkert. Eg stilte på jobb i dag klokka sju som vanleg, seier Langerud til lokalavisa.

Talrekkja 8-31-35-43-47-48 gjorde Karl B. Langerud 5.550.311 kroner rikare over natta. Kupongen blei sjekka grundig fleire gonger av både Kalle, kona og naboen. Og halvtimen etter ringte Norsk Tipping og stadfesta at Langerud var vinnaren.