Stord

Det er eit tapt veddemål med juniorane til Vålerenga Fotball som har ført Håvard Lunde frå Valen i Kvinnherad ufrivillig ut på landevegen. Det vil i hovudsak seia Europaveg 134. Måndag kveld er han framme i Valen etter ein ni dagar lang spasertur frå hovudstaden over Haukelifjell, i alt rundt 40 mil.

— Det merkast i heile kroppen etter kvart. Verst er det for føtene når eg går nedoverbakke. Dette sa Håvard Lunde til Bergens Tidende i går kveld. Då var han komen nesten til Røldal, nest siste overnattingsstaden. I går forserte han heile Haukelifjell, rundt seks mil. Han gjekk dels gjennom, dels på utsida av tunnelane, sjølv om Vålerenga-juniorane gav han dispensasjon til å bli køyrt gjennom tunnelane.

Tapte på Norway Cup-siger

Etter å ha spelt A-lagsfotball for Trio, Stord og Vålerenga, er politiutdanna Håvard Lunde i dag tilsett som ungdomskoordinator i Oslo-klubben, der han er eit populært muntrasjonsråd.

Showmannen Håvard har i tillegg hattt både film- («Eddie Stargazer») og tv-roller («Villa Medusa»). Lunde trenar Vålerenga sitt juniorlag, som han tapte veddemålet mot ved å uttala at dei aldri kom til å vinna Norway Cup i sommar. Men det gjorde dei, og Lunde må gå.

— Gutane sa at det var ok om eg sykla deler av distansen og blei skyssa i bil gjennom dei lange unnelane. Men skal eg gå, så skal eg gå, seier Håvard Lunde, som frå før har tremila i militæret som si lengste gangerfaring.

Tysdag og onsdag skal Håvard Lunde halda føredrag på Stord og Husnes om Vålerenga sitt ungdomsarbeid. Så han føler presset til ikkje å koma på etterskot med etappeplanen over fjellet.

DEN GLADE VANDRAR: Håvard Lunde forserte i går Haukelifjell på sin 40 mil lange spasertur frå Oslo til Kvinnherad etter eit tapt veddemål. Her fotografert ved Flatdal i Telemark på fjerde dagsetappen.
FOTO: KNUT ESPELID, VEST-TELEMARK BLAD