I Mongolia skal det vera sendt ein fjernsynskampanje som fortel kor greitt det er å få opphaldsløyve og jobb i Noreg. Frå tidlegare sovjetrepublikkar kjem det rundt 200 asylsøkjarar i veka. Også somaliarar, afghanarar og irakarar viser godt att på statistikken.

I fjor søkte 14.782 personar frå hundre ulike land om asyl i Noreg. Det er rekord. Trenden held fram i år. Blant anna som følgje av misvisande kampanjar i Mongolia, Bulgaria, Russland, Slovakia og Ukraina. Over halvparten får avslag og blir sende heim att.

Unngår Bergen

Underdirektør Sigrun Rajendram ved Utlendingsdirektoratets regionkontor for Vestlandet fortel at Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane ifølgje det siste måltalet skal ha 2520 asylplassar innan mai. Det er nær 600 fleire enn i september i fjor.

På Vestlandet aukar talet på mottak frå 16 til 25 sidan i fjor sommar. Kvam herad er sist ute med nytt mottak. Før påske blir to nye mottaksstader etablert. Ifølgje Rajendram prøver UDI å spreia mottaka mest mulig. Det vil seia at det ikkje kjem fleire i eller rundt Bergen, Stavanger og Sandnes.

Drift av asylmottak blir sett ut på tilbod på den opne marknaden. Kvart mottak har i gjennomsnitt fem arbeidsplassar. Asylsøkjarane sysselset såleis direkte om lag 125 personar på Vestlandet.

Lyg om Noreg

Den asiatiske republikken Mongolia med 2,6 millionar innbyggjarar blei i fjor brått den tiande største asylsøkjarnasjonen i Noreg. 545 mongolarar kom den lange vegen vestover, truleg som følgje av misvisande kampanjar i heimlandet.

— Vi har høyrt om reisebyrå i fleire land som reklamerer med tilbod om både norsk visum og arbeidsløyve, seier informasjonsrådgjevar i UDI, Are Martin Saurén til Bergens Tidende.

— Gjennom utanriksstasjonane våre i land som Bulgaria, Slovakia og Russland har vi prøvd å få fram fakta. Blant anna etter det store tilsiget frå Slovakia dei siste vekene har vi prøvd å få slovakisk fjernsyn til å senda innslag som viser at asylsøkjarar frå det landet får hurtigbehandla sakene sine og som regel blir heimsende. Men i eit stort land som Russland er det ikkje lett å nå ut på samme måte, seier Are Martin Saurén. Russland størst

I 2001 var russarar i fleirtal blant utlendingar som søkte asyl i Noreg. Av i alt knapt 15.000 asylsøkjarar var 1318 frå Russland, 1216 frå Kroatia, 1080 frå Somalia, 1056 frå Irak, 1027 frå Ukraina, 950 frå Bulgaria, 928 frå Jugoslavia, 907 frå Bosnia-Hercegovinia, 603 frå Afghanistan og 645 frå Mongolia.