OVE A. OLDERKJÆRStord

Sunnhordland heradsrett under leiing av sorenskrivar Knut Gramstad bestemte i går at heile rettssaka skal gå for lukka dører, etter krav frå aktor Ellen Cathrine Greve og dei mindreårige jentene sin bistandsadvokat Anna-Marie Berg.

Dei tiltalte, to kurdarar på 24 og 26 år, motsette seg ikkje forhandlingar for opne dører. Begge nekta seg skuldige etter dei alvorlege tiltalane.

Det var omsynet til dei fornærma jentene i 12-13-årsalderen og familiane deira som fekk Ellen Cathrine Greve til å be om lukka dører. Under tilvising til privatlivets fred etterkom retten ønskjet. Også tiltalebeslutninga er omfatta av rettens kjennelse.

Dei to kurdarane har site varetektsfengsla sidan 1.september i fjor, den yngste sikta for valdtekt, valdtektsforsøk og utuktig omgang med dei tre ungjentene, 26-åringen sikta for valdtekt av ei av jentene. Heile veka er sett av til rettsforhandlingane, som blir gjennomført på Stord med assistanse frå to tolkar.Overgrepa som begge asylsøkjarane nektar for, skal ifølgje tiltalen ha skjedd i fjor sommar. Slektningar til jentene gjekk til politiet og melde forholda.