Anne-Lene Viken i Unneland grendalag er ikkje ei kvinne som gjev fort opp. Men det må ha røynt hardt på også for henne no i vår.

Viken tok på seg å skaffe årets 17. mai-talar til Unneland. Ho drøymde ikkje om at ho måtte ringje til tjuetre kvinner og to menn før ho endeleg fekk napp.

— Tvert om burde det vore kø av folk som vil halde 17. mai-tale, seier Viken.

— Dette er den eine gongen i året heile bygda samlar seg. Alle sit heilt stille på plastikkstolar i gymsalen og høyrer etter. Ein utruleg sjanse! – Herre min hatt!

Dette var dei tre vanlegaste grunnane folk oppgav, då dei takka nei til å halde 17. mai-talen i grenda:

  • «Andre omsyn»: – Folk sa at dei hadde så mange andre omsyn å ta. Til familien, til mine barn og dine barn, fortel Viken.
  • «Konfirmant i år»: – Alle som har konfirmant i år brukar den unnskyldninga i hytt og vêr. Då har dei visst ikkje tid til anna, seier Viken.
  • «Bortreist på dagen»: – Fleire sa: «Vi er bortreist på 17. mai. Trur vi».

Då Viken hadde fått nei frå Potensiell Talar nummer 13, 14 og 15, vart ho fortvila: – Herre min hatt, tenkte eg! Men ho gav seg ikkje. Heller ikkje då nummer 18 og 19 også takka nei.

— Men då byrja eg å liggje vaken om nettene og tenkje på det. Så avslo også nummer 20 og 21. Høfleg, som alle dei andre. - Då såg eg mørkt på tilværet. Andre hadde nok gitt opp for lengst. Men eg vart som besett.

Ho ringde kjendisar også. Både Siren Sundland, Christina Hope og Linda Eide, for å nemne nokre. Alle takka nei.

- Som sunkne i jorda

For å gjere ei lang historie litt kortare: Nummer 25, Ragnhild Villanger, hadde også sagt nei tidlegare. Samtidig opna ho for at Viken kunne ringje igjen, dersom det vart heilt håplaust. Det vart det.

No står Villanger oppført som talar i 17. mai-programmet for Unneland.

— Me har fått tak i ein strålande talar, ei tøtta med eldraudt hår og temperament. Nynorsktalande er ho óg, seier Viken storfornøgd. Det høyrer med til historia at ambisiøse Viken ikkje gjorde det heilt lett for seg sjølv i jakta på ein 17. mai-talar. Ho ville helst ha ein kvinneleg, nynorsktalande talar, med lokal tilknyting.

— Dessutan ville eg gjerne gje sjansen til eit menneske som ikkje har stått på ein talarstol før, fortel Viken til BT.

— Men til 17. mai var dei som sunkne i jorda. Kva er årsaka? Har dei stroke så mange skjorter og bakt så mange kaker at dei ikkje orkar å halde ein tale på toppen, spør Viken i ettertid.

— Eller er det sjølve genren, stilen på ein 17. mai-tale, som dei føler at dei ikkje maktar?