På Askøy auka innbyggjartalet med 498 til 20.594, Fjell kommune auka med 375 til 18.916, Sund med 69 til 5254, Øygarden med 71 til 3777, Samnanger med 40 til 2343, Osterøy med 37 til 7100 og Os auka med 133 til 14.105.

Det syner førebelse tal frå Statistisk sentralbyrå.

Litt lenger borte frå byen gjekk Fusa sitt innbyggjartal ned med 12 til 3723, Voss gjekk ned 55 til 13.741 og Vaksdal kommune ned med 21 til 4182.

Hardanger i fritt folketalsfall

Nedgongen i folketalet i Hardanger ser ikkje ut til å stansa opp. Med unnatak av Granvin gjekk samtlege kommunar i regionen tilbake i folkemengd i 2001:

Jondal 1112 (— 29)

Odda 7576 (- 57)

Ullensvang 3558 (- 50)

Eidfjord 959 (- 42)

Ulvik 1201 (- 9)

Kvam 8514 (- 85)

Granvin 1059 (+ 22)

Sunnhordland tynnest i rekkjene

Store minustal i Tysnes, Fitjar og Kvinnherad, og litt tilbakegong i Stord, førte til at folketalet i Sunnhordland gjekk tilbake med 133 i 2001.

Her er tala: Ølen 3341 (+ 28)

Etne 3969 (+ 24)

Austevoll 4459 (+ 13)

Tysnes 2840 (- 98)

Bømlo 10.886 (+ 47)

Fitjar 2921 (- 57)

Stord 16.213 (- 28)

Kvinnherad 13.138 (- 74)

Sveio 4681 (+ 12).