TERJE ULVEDAL terje.ulvedal@bt.no

Det kan verte fleire arrestasjonar, etter det Bergens Tidendes nettutgåve kjenner til.

Dei tre sist pågripne sat torsdag ettermiddag i avhøyr på lensmannskontoret i Eid. Det er Eid-lensmann Vebjørn Moa som samordnar den omfattande narkoetterforskinga. Dei tre er alle i 20-åra, og frå Eid kommune. Tidlegare er det gjort pågripingar fleire stader i Nordfjord.

Det er opplysningar som har komme fram i etterforskinga av den omfattande narkosaka, som gjorde at politiet henta dei tre inn til avhøyr. Dei skal alle ha kjøpt narkotiske stoff frå personane politiet meiner er hovudmennene i narkoligaen.

Politiet mistenkjer tre personar frå Stryn for å vere hovudmennene, og at stryningane gjennom lang tid har forsynt store deler av Nordfjord med narkotiske stoff. Den eine av hovudmennene vart pågripen i Oslo. Han har i politiavhøyr vedgått å ha selt hasj fleire stader i Nordfjord.

Dei første arrestasjonane i denne saka skjedde sist veke.