JAN STEDJE jan.stedje@bt.noArve Beheim Karlsen var med i appellane mot rasisme også denne dagen. Den indiskfødte 17-åringen vart jaga på Sogndalselvi ei natt i slutten av april for snart to år sidan. Om kort tid skal det avgjerast om det skal reisast tiltale etter rasismeparagrafen i denne tragiske saka.— Det skulle ikkje vera nødvendig å ha slike marsjar, sa Kari Beheim Karlsen. Mor til Arve takka også for den store oppslutninga av unge, i alderen frå 14 år, som tok avstand frå rasisme gjennom si deltaking i antirasismetoget i Sogndal går.Medlem av Verdikommisjonen, artisten Kine Hellebust, minna i sin appell om at dersom ikkje kvar og ein av oss tek ansvar, kan ein ikkje venta at andre gjer det.