EYSTEIN RØSSUM eystein.rossum@bt.no

— Vi har tatt veldig mange. Det er beslaglagt 32 førarkort ved hjelp av dei fem fotoboksane sidan tunnelen opna, seier lensmannsførstebetjent Per Tomas Klingenberg ved Lærdal lensmannskontor.

I tillegg kjem mellom fem og ti sjåførar mista lappen etter å ha vorte tatt av UP og i laserkontrollar utført av den lokale lensmannen. Beslaggrensa går ved 116 km/t i 80-sona inne i tunnelen.

Og det er ikkje lokale ungdommar med raske bilar som pregar den skremmande statistikken: Ingen frå Lærdal eller Aurland har mista førarkortet i tunnelen så langt. Bergensarane, derimot, er sterkt representert.

— I vinter opplevde vi ofte at bergensarar med ski på taket, på veg til Hemsedal eller Filefjell, vart tatt. Vi har også tatt ein del pendlarar, seier Klingenberg.

32-åringen som no er dømt i Bergen forhøyrsrett var på veg austover i ein ny Ford då han vart avfotografert i 180 km/t søndag 11. mars i år. Han tilsto råkøyringa, og er dømt til 45 dagars fengselsstraff. Mannen som ligg på fartstoppen er ein austlending først i 30-åra.