Kjersti Mjør

På Haukeland sykehus førte hyppige lynnedslag til at brannalarmen gjekk 45 gonger!

— Vi sprang som piska rotter. Dette er eit stort område, og alarmane slo seg ut overalt. Vi har aldri hatt det slik som dette før, fortel den slitne sikkerheitsvakta ved Haukeland Sykehus, Paul Danielsen.

Heldigvis var det falsk alarm ý kvar einaste gong.

— Men dei som gjekk på tidlegvakt har gått ned minst to og ein halv kilo, ler Danielsen.

Sju innmelde brannar Torevéret tok til i 8.30-tida sørvest for Bergen, og fortsette vidare mot nordaust. Straks tok telefonane til å kima både hjå brannvakta i Bergen og kraftleverandøren BKK. I løpet av ein drøy time vart totalt sju brannar innmelde til Bergen brannvakt, medan BKK fekk rapportar om straumbrot i delar av Øygarden, Sotra og Nordhordland. Verst stilt var dei tilsette på kommunehuset i Radøy, som måtte klara seg utan lys og varme det meste av dagen.

— Det var ganske heftig på morgonkvisten i store delar av området vårt. Men dei aller, aller fleste fekk straumen igjen etter ein time, fortel informasjonskonsulent Ingunn Halvorsen til BT.

13.000 lyn på ti timar Andre stader forsvann lyset berre i raske blink eller korte straumbrot på 2-3 minutt. Frå midnatt onsdag til klokka 10 neste morgon vart det registrert 13.000 lyn fra Nordsjøen og innover Bergensområdet. 4000-5000 av desse lyna nådde land, får BT opplyst ved SINTEF i Trondheim.

— Det er ganske sjeldan vi har så kraftig torever. Eg trur faktisk ikkje at eg har sett det før. Slikt vér er mest vanleg på austlandet, seier meteorolog Olav Krogsæter ved Storm Weather Center.

Men no skal uvéret vera unnagjort for denne gongen, ifølge meteorolog Krogsæter:

— Det ser slett ikkje gale ut for helgeveret! Ikkje mykje sol, men heller ikkje plaskregn. Ein del overskya blir det, men likevel stort sett opphaldsver.