12 bilistar fekk forenkla førelegg, og ein bilførar blei fråteken førarkortet på staden. Bilisten køyrde i 123 km/t i 80-sonen, og kan vente seg ei bot på rundt 5000 kroner. Dei 12 andre bilførarane køyrde i mellom 90 og 105 km/t og fekk bøter frå 1000 til 2500 kroner. 268 bilar blei målt. — Ca. 4,7 prosent av bilistane køyrde for fort. Det er altfor mange, seier lensmannsførstebetjent Ove Hindenes ved Lindås lensmannskontor.