Politiaksjonen viste seg å vere totalt grunnlaus, men verka svært dramatisk på fleire av bebuarane i det elles så fredelege bustadområdet.

Få meter unna

Det var grytidleg søndag politiet rykkte ut til huset, etter melding om ein veldig krangel. Dei to betjentane mistydde truleg ein lyd frå huset, og trudde det var ladegrep på eit våpen dei høyrde.

I røynda hadde mannen i 20-åra allereie forlate staden, og inne låg sambuaren hans og sov aleine. Politifolka forlét den uniformerte bilen på tunet, og sprang til fots til politistasjonen og varsla. Politimeisteren ordre om væpning, og då det lysna om morgonen hadde dei væpna politifolka etablert seg i området. Gruppa var iført kamuflasjeklede, hetter og skotsikre vestar.

Vegg i vegg med husværet der kvinna låg, budde mannens foreldre og yngre bror. Det var den 12 år gamle guten som oppdaga dei væpna politifolka utanfor då han stod på kjøkkenet og lagde seg frukost. Guten gjekk ut på altanen og var berre få meter unna dei kommando-utstyrte politifolka.

— Det er litt av eit sjokk for ein 12-åring plutselig å stire rett på ein maskert mann væpna med maskinpistol like utanfor huset, seier familiens advokat, Malin Rygg. - Det er heilt uforståeleg at politiet kan opptre slik, utan å prøve å ta kontakt. Ein enkelt telefon ville kunne ha avklart situasjonen.

Meldt til SEFO

Rygg opplyser at 12-åringen måtte ha legehjelp etter opplevinga, og advokaten sjølv har brukt tid med familien.

— Dei har trong for støtte etter det som skjedde. Dette er sjølvsagt ei stor belastning både psykisk og sosialt, seier ho.

Mandag sendte ho på vegner av familien meldinga til politiets særskilde etterforskingsorgan (SEFO).

— Måten aksjonen skjedde på, gir etter vår meining grunnlag for mistanke om at politiet har overtredd lover og reglar, seier advokat Rygg.

Vakthavande jurist ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Bjørn Larsen, ønskjer ikkje å kommentere grunnlaget for at politiet valde å aksjonere slik dei gjorde.

Mannen i 20-åra som politiet frykta skulle vere væpna inne i huset, hadde reist til ein kamerat for å overnatte og var uvitande om dramaet. Han er berre sikta for lekamskrenking mot sambuaren sin.

Forsvararen hans, advokat Malin Rygg, opplyser at det heller ikkje er funne fysiske skader på sambuaren.