Det vert ein mektig region, med snart over ein million innbyggjarar. Økonomisk vert det ei kjempe samanlikna med alle andre landsdelar.

Torsdag hende det historiske i fylkeshuset i Bergen, der dei tre fylkesordførarane la fram Vestlandsutgreiinga. Der har Rogalandsforsking, Vestlandsforsking og Møreforsking drøfta fordelar og ulemper ved ulike modellar for samarbeid og samanslåing, men utan å gje tilråding.

Mykje å vinna

Prosessen som no er i gang, kan godt enda med at dei tre fylka slær seg saman til eitt.

Kva meiner så dei tre fylkesordførarane?

Det er vanskeleg å tolka Gisle Handeland annleis enn at han gjerne går lina heilt ut, til eit vestlandsk storfylke. Gjerne også med møringar, om dei vil.

— Vi har mykje å vinna på å samordna kreftene. På samferdselssektoren har store løyvingar gått til andre landsdelar fordi vi ikkje greidde å stå samla. Når det gjeld utdanning og kompetanse, kan vi dra store og viktige aktivitetar vestover. Også på kultursektoren har vi mykje å snakka saman om. Der har vi opplevd å missa aktivitetar til andre landsdelar.

Rogaland er med

Roald Bergsaker vil for sin del ikkje «øva vald mot prosessen» ved å flagga standpunkt, men mellom linene er inntrykket at han slær lag med Handeland.

I utgreiinga har Sogn og Fjordane bede om å stå utanfor drøftingane som gjeld samanslåing. Nils R. Sandal er litt redd for at Sogn og Fjordane vert ein utkant i eit storfylke. Han vil kjenna seg tryggare om han får med Sunnmøre. Eit tettare samarbeid er han gjerne med på, men er det snakk om samanslåing, så må kravet koma nedanfrå, frå grasrota.

Utgreiinga skal no ut på høyring til kommunar og næringsliv i dei tre fylka. I juni er det venta at dei tre fylkestinga vil gjera vedtak om korleis arbeidet skal halda fram.