• Mitt inntrykk var at dersom Arve slutta ved Øyrane vidaregåande skule, meinte skulen dei ville dei vere kvitt problemet.

TERJE ULVEDAL terje.ulvedal@bt.no

Far til Arve Beheim Karlsen la ikkje skjul på at han sat att med eit dårleg inntrykk av Øyrane vidaregåande skule, etter at sonen slutta som elev hausten 1998.

Vekke frå skulen Familien fekk raskt mistanke om at noko ikkje var som det skulle, etter at Arve flytta heimanfrå for å gå på vidaregåande skule og bu på hybel i Førde.

— Han tok til å vere vekke frå skulen, men forklarte det med hovudverk og andre sjukdomar, sa Lars Magnus Karlsen i retten.

Det heile toppa seg i haustferien, då Arve ikkje ville reise til Førde att.

— Han sa han var sjuk. Eg tok han med til lege, og nemnde for legen at mobbing kanskje kunne vere årsaka.

Snakka med rektor Arve var heime nokre dagar, men reiste til slutt opp att. Dagen etter ringde Arve heim.

— Då kom heile historia. Han hadde vore mobba på skulen frå første dag. No ville han slutte, fortalde faren i retten.

Arve snakka med rektor ved Øyrane vidaregåande skule, og skulen tok initiativ til eit møte. Møtet vart arrangert nokre dagar seinare. Rektor og fleire lærarar var til stades.

— Den einaste som tok initiativ på møtet var ein faglærarane. Han ville Arve skulle halde fram. Inntrykket eg sat att med av skulens haldningar var at dersom Arve slutta, ville dei vere kvitt problemet.

Var redd hemn - Vart det sagt? spurde Tor Erling Staff, forsvarar til hovudtiltalte.

— Nei, det var eit inntrykk eg sat att med.

— Vart det diskutert nokre løysingar på dette møtet?

— I grunnen ikkje. Arve var fast bestemt på å slutte.

Faren fortalde at Arve var redd for hemn, og ville ikkje gå til politiet. Han vegra seg også for å nemne namn på dei som stod bak mobbinga, men namnga til slutt nokre av plageåndene. Mellom namna som var nemnt var etternamnet til hovudtiltalte.

— Men var det hovudtiltalte eller bror hans?, spurde Staff.

— Det kan eg ikkje hugse, svarde faren. Les også: - Gjer eg ikke noko no, får eg aldri fred - Arve klarte å unnslippeUvisst når Arve vart jagaVille skvære opp med Arves morHovudtiltalte vart banka opp- Arve vart mobba av sambygdingerMerka ingen ting på tiltalte- Drep den lille negeren- Tiltalte ropte "drep han"Måtte stoppe hovudtiltalte- Aldri sett tiltalte slikOppgav tiltalt som plagånd"Arve vart berre vekke" Nektar for vald mot ArveSøstera til Arve møtte i retten