PER MARIFJÆREN per.marifjeren@bt.no

— NN (hovudtiltalte) ville øvst opp i slalåmbakken før gammal nok til det, han var først ute med ring i øret, byrja tidleg å røyke, forklara mora som vitne for In-dre Sogn Heradsrett i dag.

- Snikk og sktiv Som forsvarets kanskje viktigaste karaktervitne teikna mora biletet av ein snill, men svært aktiv og bråmoden hovudtiltalt i Beheim Karlsen-saka. Han hadde kjæraster før han byrja på skulen, var tidleg ute med nær sagt alle ting, inkludert alkohol.

Den hovudtiltalte 19-åringen var åtte år då foreldra gjekk kvar sin veg. Han og den eitt år yngre broren vart buande heime hjå faren i Naustdal, medan mora flytta til ein annan Sunnfjord-kommune.

— Har du hatt mykje med NN å gjere etter at du flytta frå Naust-dal, spurde forsvarar Tor Erling Staff.

Mora: - Ja, vi har begge foreldra delteke i det som hadde med guten å gjere.

Diskuterte grenser Staff: - Korleis har NN hatt det med faren og broren?

Mora: - Han har hatt det godt, vil eg tru. Det har alltid vore mykje barn, og seinare ungdom, heime hjå oss.

Staff: - Har det vore for fritt?

Mora:- Faren og eg har ofte diskutert grenser, og har vore samde om ein del ting.

Staff: - Har NN hatt eit markeringsbehov?

Mora: - Ja, det synes eg.

Mora sa også at ho ikkje hadde noko oppfatning om at sonen var rasist, eller at han brukte å komme med rasistiske utsegn.

Les også: Hovudtiltalte var barnevakt for Afrika-adopterte