Han seier det var Lars-Kristian Haugen sjølv som ønskte å kjøpe seg ut av leigekontrakten på eitt år. — Dette var ikkje noko eg ville trumfe igjennom. Og eg er ikkje interessert i å ha urimelege eller ulovlege passusar i mine kontraktar, seier Matland. - Kvifor har du ikkje på førehand sjekka om dei er lovlege eller ei?- Fordi eg ikkje oppfatta avtala som urimeleg. Utgangspunktet er ei tidsbestemt avtale, utan opning for oppseiing. «Frikjøps-regelen» er tenkt som eit ekstra tilbud til leigetakaren, dersom han ikkje ønskjer å følgje dei vanlege reglane i husleigelova. Han har altså uansett eit alternativ som er lovleg. - Kva tykkjer du om å ta 13.680 kroner for mindre enn ein månad?- Det blir ei frykteleg høg effektiv leige, eg er samd i det. Men det kan også bli dyrt om ein følgjer dei vanlege reglane i husleigelova. Det var Haugen sjølv som valde å løyse det på denne måten. Matland seier han i dag vil undersøkje dei juridiske sidene ved saka med Huseiernes Landsforbund.