• Eg vonar Stortinget vil sjå kor viktig det er for Hardanger-regionen å få brua som ein bindelekk over fjorden, seier Magnar Lussand.

Den tidlegare fylkesordføraren, no styreleiar for Hardangerbrua AS, understrekar og kor viktig brua vil vera i eit nord-sør-samband langs Rv. 13 frå Ryfylke mot Sogn og Fjordane. På den andre sida har Lærdalstunnelen gjort det vanskelegare å nå fram med argumentet om at Hardangerbrua er viktig i vegsambandet aust-vest. Dei fremste argumenta for å byggja brua, finst no på lokalplanet.

— Hardanger-regionen slit med store vanskar. Arbeidsplassar går tapt. Ei bru vil letta samarbeidet mellom kommunane i Indre Hardanger, gje grunnlag for fellesløysingar og kanskje skapa grunnlag for å endra kommunestrukturen, seier

— Hardangerbrua er eit bompengeprosjekt med eit trafikkgrunnlag meir eller mindre på vippen.

Kva har det å seia for finansieringa dersom Stortinget vedtek å vinterstengja Rv. 7 over Hardangervidda?

— Det vil sjølvsagt påverka inntektsgrunnlaget for brua, men vi har gjort ein analyse som syner at brua let seg finansiera likevel, seier Magnar Lussand.

— Auka vintertrafikk over Hardangervidda og omsynet til villreinen var ein avgjerande grunn for Stortinget sitt nei i 1996.Ville det ikkje då vera til fordel for brua at vegen over vidda vart permanent vinterstengt?

— Eg meiner at problemet ved Rv. 7 over Hardangervidda må løysast for seg. Det er ikkje ved å stengja ned transportårer at Stortinget fremjar utviklinga i distrikta, seier Magnar Lussand.