• Vi kjende at vi hadde eit ansvar for folk i Loddefjord, derfor har vi satsa mykje på å skapa eit positivt bumiljø, seier Olav Bjaadal.

— Utgangspunktet var dette, seier Bjaadal som er administrerande direktør i Stor-Bergen Boligbyggelag, og kjem trekkjande med ei rekkje avistitlar: «Loddefjord – ein bydel i krise», «Norges verste narkobydel» og «Bomiljøet blir terrorisert».

Enda om folk ikkje kjende seg att i skildringane av bydelen sin, vart det flaut å seia at ein kom frå Loddefjord. Det er ille når folk ikkje kan identifisera seg med eigen heimstad, seier Bjaadal.

Han peikar på at av dei rundt 27.000 som bur i området er om lag to tredelar medlemer i Stor-Bergen Boligbyggelag.

Satsar på heile bydelen

  • Tradisjonelt jobbar vi mot kvart einskild burettslag, men vi såg at her eigde vi så mange bustader at vi også måtte jobba mot heile bydelen, seier Bjaadal. Difor fekk Stor-Bergen Boligbyggelag laga ein plan for Loddefjord som bydelssentrum.

Arbeidet tok til med at Stor-Bergen Boligbyggelag kjøpte det nedsarva Loddefjord torg frå Bergen kommune for 15 millionar kroner i 1989. Dei bygde ut og rusta opp til det som no er Vestkanten.

Skaper møteplassar

— Vi satsa sterkt på å leggja til rette med fellesareal og møteplassar for folk. Ei ny undersøking syner at vi har lukkast. Ein av tre som kjem til senteret er der ikkje for å handla, seier Bjaadal.

Eit av dei første tiltaka i bydelen var bygginga av trial-løypa. Men det store løftet har vore Vannkanten, med badeland, bowlingbanar og kulturhus.

— Vi opererer her i eit spennande spenn mellom å vera kremmarar og samfunnsbyggarar. Vi har aldri meint at vi skulle tena pengar på Vannkanten, men det har ført til auka omsetnad på Vestkanten. Vi reknar heller ikkje med å tena pengar på Iskanten. Men vi må jo passa på å tena pengar óg, seier Bjaadal.

Bumiljø i utbyte

— Vi deler ikkje ut utbyte til medlemene, men vi kan gje eit betre bumiljø, seier han. Ifølgje Bjaadal vil det også vera ei vesentleg samdriftsfordel ved å ha ishallen så nær badeanlegget. Det vil spara store mengder energi, og slik sett gje ein miljøgevinst også.

— I 1989 formulerte eg dette målet: «Loddefjord skal vera Bergens mest attraktive bydel i år 2000». Dei som høyrde det då hånlo. I 1995 nikka dei meir tenksamt. Og no er det blitt kjempefint der ute. Berre sjå kor fine blokkene på Vadmyra er vortne, seier Bjaadal.

Stor-Bergen Boligbyggelag manglar heller ikkje planar for framtida i Loddefjord. Bjaadal syner planar for omlegging av trafikken, nybygg i sentrum, betre tilgang til sjøen.

— Og så skal vi laga direkte utgang frå Vannkanten til terrenget, ei turløype med aktivitetar oppover mot Lyderhorn. Det hadde jo óg vore fint med noko minigolf og slikt oppå der, seier Bjaadal og peikar ut i mørkret bak Vannkanten.

BETRE MILJØ: Stor-Bergen Boligbyggelag fekk laga ein plan for Loddefjord som bydelssentrum, fortel administrerande direktør Olav Bjaadal. No tar dei fatt på siste ledd, Iskanten.
FOTO: TOR HØVIK