Norges Turistråd innrømmer at utsiktene til eventyrleg fangst har vore brukt for alt det har vore verd i den norske marknadsføringa.

— Vi har hatt sterk fokus på fiskestorleik - ein «mann- og fiskeprofil». Denne har vi mjuka opp dei to-tre siste åra, seier Stein Ove Rolland, regionsjef for Sentral-Europa i Norges Turistråd.

I år har dei også tatt inn tilrådde minstemål for fisk i brosjyren som blir distribuert i store opplag til tyske fiskeentusiastar.

— Det er først no i det siste at overfiske gjort av turistar har vorte tatt opp som eit problem. Vi ønskjer dessutan å rette oss mot eit breiare segment; familiefolk som ikkje berre er interessert i fiske, seier Rolland.

Han er sterkt imot tanken om ein åttekilos-kvote for kvar turist.

— Vi meiner innføring av minstemål og arbeid for å endre haldningane er nok. Det er viktig å behalde inntrykket av Noreg som eit land der ikkje alt er gjennomregulert. Det er ein fridom som vi brukar i marknadsføringa, og som mange set pris på sørover i Europa, seier Rolland.