• Vestlandet og Bergen er klar til å ta imot statlege direktorat og institusjonar som vert flytta frå Oslo. Tek landsdelen felles initiativ kan vi lukkast.

Det seier byrådsleiar Anne-Grete Strøm-Erichsen til Bergens Tidende etter at Kjell Magne Bondevik tysdag plasserte ein veghovedstad i heimbyen Molde og ein annan på faren si fødeadresse ved Sognefjorden.

Eit samla Vestland

— No håpar eg at Vestlandet står samla og nyttar sjansen vi har til å få trekt statlege jobbar frå Oslo til Vestlandet og regionhovedstaden Bergen, seier byrådsleiaren "veg-dagen-derpå".

Adminstrasjonsminister Victor Norman er akkurat no oppteken av å desentralisere direktoratfunksjonar. Og fylkesmennene kan få landsdekkjande funksjonar.

— Det krev ein samhandlande og sterk Vestlandsregion for å bli høyrt i Oslo når statlege jobbar skal fordelast i åra framover, seier Strøm-Erichsen.

— Og dersom vi skal få til ein sterk Vestlandsregion må regionsenteret Bergen styrkast. Det er einaste måten å få robuste nok fagmiljø, med tyngde mot Oslo-dominansen, seier ho.

Avgjerande samspel

Fylkesmann Oddvar Flæte i Sogn og Fjordane understrekar at samspelet Bergen og Sogn og Fjordane blir avgjerande:

— Vi treng store byar, robuste småbyar og levedyktige bygder. Og vi treng ein by som er på offensiven i utvikling. Vi treng eit Bergen som maktar å stå fram som ein medspelar og pådrivar for utvikling av heile Vestlandet, fordi vi som region er i ferd med å bli sett på sidelina av Oslo-området, seier Flæte.

— Det bør vera naturleg for Vestlandet å stå saman om å få Sjøfartsdirektoratet flytta til Bergen, seier fylkesmannen i nabofylket i nord.

— Men det må vera ei oppgåve for Bergen at direktoratliknande funksjonar også blir utvikla i omlandet og nabofylka, seier Flæte.

Strøm-Erichsen og Flæte har begge følgjande andre stikkord for mulege nye statlege jobbar/institusjonar i Bergen: Gass/energi, eit eventuelt sikkerheitsdirektorat, reiseliv, fiskeri og havbruk.

fakta/ arbeidsplassar

  • Akershus/Oslo har dei fire siste åra fått netto tilvekst på 69.000 arbeidsplassar. Dette er 1,5 ganger den totale arbeidsstyrken i Sogn og Fjordane.
  • Staten investerer to til tre gonger så mykje pr. innbyggjar i Akershus som i landsgjennomsnittet av fylka. Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland ligg godt under landsgjennomsnittet.
  • Dei tre fylka har dei siste 20 åra nesten aldri teke felles initiativ for å trekke statlege jobbar til Vestlandet.
  • Av rundt 70 direktorat ligg berre seks utanfor Oslo-området.
  • Arbeids- og administrasjonsminister Victor Norman har varsla full < > av offentleg sektor, også vurdering av utflytting av statlege institusjonar frå Oslo.