• Vakna, du skal gifta deg i dag kl. 14.30. Slik vart Odd Jarl Larsen på Fitjar vekt av svograr, svigerinner og kompisar, laurdag morgon. Med seg hadde dei ein vigselattest dei ville han skulle skriva under.

HÅKON C. HARTVEDT (tekst og foto)Sjølv visste Odd Jarl Larsen ingenting. Rett nok har han budd i lag med Kari Anita Naustheller omlag fire år. Visst har det og vore snakk om bryllaup av og til, men Odd Jarl har kvidd seg noko for alt styret, så nokon bryllaupsdato har det ikkje blitt.Det ville derimot Kari Anita gjera noko med.— Eigentleg var det syster mi, Aud Marit Børtveit som kom med ideen. Men eg var med på han med ein gong. Og så sette me i gang. Me skreiv opp kven me ville be til bryllaupet, sette av bryllaupsdato, ordna med kyrkje, prest og lokale, bordkort, songar og elles alt som skulle til. Alt medan Odd Jarl var på jobb.Utruleg nok klarte alle å halda tett, så då Odd Jarl vart vekt klokka halv ni laurdag morgon visste han absolutt ingenting.- Gifta meg. Kva? I DAG?? Det var vel noko slikt eg sa. Eg såg visst ut som eit kjempemessig, søvnig spørsmålsteikn. I hovudet var det fullt kaos. Frieri, vigselattest og bryllaup på same dagen er jo ikkje akkurat vanleg. Men eg prøvde no å ta det med fatning.- Det gjorde du og, smiler Kari Anita og ser på mannen sin. Me har henta dei ut av bryllaupsfesten. No er dei herr og fru.- Det er heilt greitt no. Eigentleg heilt topp. Det er godt å få samlivet i vettuge former, seier han. - Og trygge rammer for Ørjan på 11 månader, smiler Kari Anita, litt ertande, men forelska, tilbake.