— Utne Hotell er under fredning. Saka er ferdig handsama i fylket og sendt til Riksantikvaren med positiv innstilling, fortel Bolstad.

Det plar ta litt tid hjå Riksantikvaren, men Gerd Bolstad er overtydd om at fredningsvedtaket ganske snart ligg føre.

— Hotellet er ei perle. Det er utan tvil fredningsverdig, seier ho.

Trur på lønsam drift

— Kva får eit fredingsvedtak å seia?

— Siktemålet er å ta vare på hotellet slik det står på fredingstidspunktet. Vanleg vedlikehald blir tillate, men alle endringar krev dispensasjon, med søknad til mitt kontor.

— Fyljer det pengar med?

— Altfor lite, diverre. Det kan søkast om tilskot til tiltak som blir dyrare fordi eigedomen er freda, men potten til fordeling på mange fredingsobjekt er avgrensa, vedgår fylkesantikvaren.

Hildegun Aga Blokhus, som eigde Utne Hotell før ho overlet det til ei stifting, seier til Bergens Tidende at ho trur nye eigarar kan få til lønsam drift.

— Det er ikkje rett, som det står i Bergens Tidende at alle dei som har leigt hotellet siste åra, har mislykkast, seier ho.

Slutta av ulike grunnar

Aga Blokhus viser til eit døme der drifta gjekk med 1,2 millionar kroner i overskot, eit anna med 850.000 kroner i pluss. I 1998 dreiv stiftinga i eiga rekning, og fekk 450.000 kroner i overskot etter å ha brukt ein del pengar til vedlikehald. – Det er ulike grunnar til at leigetakarar har slutta, deriblant sjukdom og heimlengsel. I eit tilfelle mangla bakkekontakten fullstendig og dei vart oppsagt frå vår side, påpeikar den tidlegare hotelleigaren.

Islendingane som no driv, flyttar attende til Island av omsyn til borna.

— Dei rette folka, med rette gløden, vil få dette til, seier ho med overtyding.

Drivarane bør eiga hotellet

Etter å ha tenkt seg grundig om, har ho kome til same konklusjonen som styret for stiftinga. Dei vil no gje opp hotellet, selja det og oppløysa stiftinga.

— Eg fekk det rådet å oppretta ei stifting, men det har synt seg at dette rådet ikkje var godt nok. Dei som skal driva eit slikt hotell, bør eiga det.

— Korleis vil freding verka inn?

— Freding har fleire gonger vore på tale, og eg har åtvara mot å gjera vedtak som kan gå ut over konkurranseevna og drifta, seier Hildegun Aga Blokhus. Ho minner om at ho i si tid har innreia bad og toalett til romma. Utan ville ikkje gjester ta inn i dag.

GÅR MOT FREDNING: Riksantikvaren vil truleg freda Utne Hotell. Men det fylgjer lite pengar med ei fredning.
FOTO: ARNE HOFSETH