— Eg synest heile saka kom skeivt ut frå hoppet. Eg har oppfatta at engasjementet frå administrasjonsministeren si side har vore å rekonstruere alle tilsyna. Det kunne vore ein invitasjon til ein viktig debatt om kva tilsyna skal vere til for, om oppgåver og organisering. Men når ein så koplar dette saman med ei utflytting, så vil alle som kjenner til norsk politikk vite at heile saka druknar i ein debatt om lokalisering, seier Inge Lønning til Bergens Tidende.

Nedslaget

— Det er den første debatten som er viktig. Den andre debatten er mindre viktig, legg han til.

Lønning meiner det er grunn til å seie seg sterkt lei for den utviklinga saka har teke. Han meiner det nå er uråd å reversere prosessen for å kome på rett kjøl, slik han ser det.

— Når du først har forlete hoppkanten, nyttar det ikkje å krabbe opp att og prøve å hoppe på ny. Du må konsentrere deg om å ta nedslaget og kome ned på beina. Det er nå opp til stortingskomiteen å prøve å gjere det beste ut av det.

Kvart tilsyn for seg

Lønning seier at det nå er klart at eit fleirtal i Stortinget vil vurdere utflytting av kvart tilsyn for seg. Han meiner det var sterkt uheldig å prøve å presentere denne saka som ein pakke der ein måtte ta det heile.

— Du kan ikkje vente at Stortinget skal halde seg til alt eller ingenting i ei slik sak. Det er heilt urealistisk. Tilsyna er svært forskjellige både når det gjeld storleik og krav til kompetanse.

— Dette er blitt ulykkeleg som politisk prosess. Her blir det bygd alliansar der det er heilt tilfeldig kva som blir avgjerande. Ein risikerer difor at utfallet blir reint tilfeldig.

— Korleis er haldningane i Høgre?

— Dei er som i alle andre parti når det står om lokaliseringsspørsmål: splitta.

Ingen genistrek

— Problemet er at stortingsmeldinga om tilsyna er som eit konglomerat av synspunkt og argument. Det er så mange ulike argument. Å framstille det som ein genistrek å lage ei slik «pakke» - det har eg liten sans for. Eg trur ikkje det reknestykket går i hop, rett og slett, seier Lønning.

Lønning meiner at vegen ein burde ha gått, var først å lage ei melding om kva oppgåver tilsyna skal ha.

— Då ville ein ha fått ein ideologisk debatt og avklaring. Så kunne ein kome tilbake med spørsmål om lokalisering.

«Politisk truskuld»

— Det du nå seier inneber at du meiner det er gjort dårleg politisk handverk i denne saka?

— Det uttrykket vil ikkje eg bruke om ein statsråd i mi eiga regjering.

— Kva uttrykk ville du nytte?

— Politisk truskuld.

Lønning har med interesse merka seg oppslaget i Aftenposten i går der det vart avslørt at Finansdepartementet har vore sterkt kritisk til vurderingar og kalkylar frå Administrasjonsdepartementet i saka om utflytting av tilsyna.

— Statsråd Norman sa i går til Bergens Tidende at det ikkje berre er ei einstemmig regjering som står bak, men ei fullstendig samstemmig regjering. Vi har også fått opplysningar om at samferdsleminister Torild Skogsholm har vore skeptisk til utflytting av Luftfartstilsynet og Post- og teletilsynet. Kva trur du om dette, Lønning?

— Etter mitt skjøn ville det vere oppsiktsvekkande om ikkje dei einskilde statsrådane har hatt motførestillingar mot utflytting av dei tilsyna som høyrer under deira departement. Eg tek det også for gitt at embetsverket i dei ulike departementa har vore kritiske til utflytting.

UT MOT EGEN STATSRÅD: Høgre-representanten Inge Lønning meiner opplegget for utflytting av tilsyn er prega av «politisk truskuld». Det er Lønning sin partifelle, Victor Norman, som har ansvar for saka. <br/> ARKIVFOTO: ØYVIND CHRISTENSEN