Organisasjonen for importørar og leverandørar av varmepumper har i årevis arbeidd for å få meir bruk av varmepumper. No meiner dei bremsene må setjast på.

Rose meiner staten aldri burde gitt tilskot til å installere varmepumper. Dessutan fryktar han nye leverandørar i marknaden som tilbyr billege pumper utan effekt.

Frå 1990 til slutten av tiåret blei det årleg selt mellom 1000 og 1200 varmepumper i Norge. I 2001 gjekk salet opp til 6400. I fjor var det truleg mellom 13.000 og 14.000.

— I år kan det bli titusenvis. Ein slik eksplosiv auke er aldri sunn for marknaden. Det burde aldri blitt gitt støtte til varmepumpe. Dagens straumprisar er meir enn god nok reklame, seier Rose.

Leverandørane har denne vinteren merka ein ekstrem interesse for energisparetiltak. Ingeniør Arnstein Lien i firmaet Dale Kjøleservice i Bergen finn òg grunn til å åtvare mot at det den siste tida har dukka opp svært mange nye leverandørar.

— Ein del av dei billege varmepumpene som er for sal, er etter mitt syn elendig investering. Mange etablerer seg også som installatørar utan nødvendig kunnskap, seier Lien.

Det kan Norsk Varmepumpeforening skrive under på.

— Fleire av merka som no blir lanserte, er ikkje eigna for norske forhold. I tillegg er det god grunn til å spørje om alle dei som no monterer slike anlegg, er flinke nok, seier Rose.

— Kva råd vil du gje til folk som tenkjer på å installere i varmepumpe?

— ENOVA har på sine nettsider ei liste over merke dei meiner er brukbare. I tillegg er det eit europeisk sertifiseringssystem for slike pumper, kalla Eurovent. For Norge tilrår vi berre pumper som i Eurovent-systemet har hamna i energiklasse A. Kjølemediumet i pumpene må vere miljøvennleg. Pass dessutan på at utdanna kuldemontørar installerer anlegget.