— Familiedrap er ei desperat handling. Dei som gjer slikt føler seg hjelpelause, makteslause og har mista alt håp, seier professor i klinisk psykologi, Gary R. VandenBos, til BT.

— Dei er ikkje nødvendigvis sinnssjuke i vanleg forstand, men lir av vrangførestellingar, og kan oppfatte drap som einaste løysing.

VandenBos har drap og vald som spesialfelt. Heime i Washington D.C. er psykologen sjef for forlagsdelen av American Psychological Association, som gjev ut 80 fagbøker årleg, og 42 psykologiske tidsskrift.

Han er også professor II ved Psykologisk fakultet på Universitet i Bergen, og er i Norge tre gonger i året. BT møter han på Kompetansesenter for sikkerhets-, fengsels- og rettspsykiatri ved Sandviken sykehus.

Klinisk depresjon

VandenBos kjenner ikkje detaljane i drapssaka i Sveio, men som forlagsredaktør er han svært godt oppdatert på internasjonal forsking om familiedrap, det vil seie når barn og ein eller fleire vaksne blir drepne. Psykologen har også møtt pasientar som har utført slike drap.

Som regel er dei menn.

— Den vanlegaste diagnosen som blir stilt i etterkant, er at drapspersonane har vore klinisk deprimerte, og berre unntaksvis psykotiske, fortel VandenBos.

Ikkje alle som utfører familiedrap klarar å ta sitt eige liv. Då kan psykologar intervjue drapspersonen for å prøve å finne årsaker til drapet. Men når gjerningsmannen eller -kvinna tek sjølvmord, må psykologar snakke med folk som kjende familien, for å danne seg eit bilde av det som er skjedd.

— Ofte seier naboane: «Dei verka jo så vanlege, dei sa aldri at noko var gale». Men hugs at det er forskjell på ditt offentlege «eg» og ditt private «eg». Berre tenk på deg sjølv. Kor mange av naboane veit kven du eigentleg er, kva som gjer deg glad eller trist? Du kan vere blid på butikken, og det kan sjå ut som om du har eit godt ekteskap. Men ingen veit kva du seier til kona på soverommet om kvelden.

Isolerte familiar

Eit typisk trekk for familiar der slike drap har skjedd, er at dei ikkje snakkar om problema sine utanfor husets fire veggar.

— Dei isolerer seg frå andre, både psykologisk og sosialt, og snakkar sjeldan med andre for å få råd og hjelp. Å fortelje utanforståande om kva familien slit med, kan kjennast farleg og skamfullt. Dermed avskjer dei seg frå hjelp utanfrå. Derfor er det nesten alltid uråd å føresjå at slike drap kan skje.

VandenBos trur generelt at det ikkje er mange akutte, psykotiske situasjonar i livet, og tvilar derfor på at familiedrap skjer spontant.

— Tvert om, dette er noko som truleg byggjer seg opp over tid. Det kan ta to månadar eller to år. Men når det først skjer, kan det skje brått. Utløysande faktor kan vere ei siste enkelthending, som berre stadfestar for drapspersonen kor håplaus situasjonen er.

Familiedrap skjer sjeldan, og VandenBos meiner at det ikkje er grunnlag for å hevde at det skjer fleire slike drap i dag. Men statistikken kan auke, dersom visse trekk ved den sosiale trenden får utvikle seg.

— Som at familiar kjem under sterkare press og blir meir isolerte, samtidig som systemet blir meir upersonleg, seier VandenBos til BT.

DRAPSEKSPERT: Du kan ikkje sjå på naboen om han er i stand til utføre familiedrap. - Tenk på deg sjølv. Kor mange av naboane veit kven du eigentleg er, spør Gary R. VandenBos. Amerikanaren er professor i klinisk psykologi, og ekspert på drap og vald.<p/>FOTO: KNUT STRAND