Sidan 11. september 2001 har turiststraumen til Norge stagnert, og Norges Turistråd fryktar at nedgangen skal halde fram som følgje av ein krig i Irak.

— Bransjen er svært usikker. Og turistnæringa på Vestlandet er meir utsett enn andre delar av Norge, meiner Per-Arne Tuftin, direktør for informasjon og samfunnskontakt i Norges Turistråd.

Tuftin peikar på at det etter 11. september har vore nedgang i turisttrafikken til Norge, sjølv om det er uråd å seie kor mykje som direkte skuldast terrorangrepet i New York. Talet turistar frå USA gjekk tilbake med sju prosent i 2002.

— Med fare for ein snarleg krig hengande over oss, ventar vi ein merkbar tilbakegang i talet turistar frå særleg USA og Japan, seier Tuftin. - Mykje kjem an på kor langvarig ein eventuell krig vil bli. Hittil har vi ikkje sett at krigsfaren har påverka det totale biletet i særleg grad, bortsett frå at bestillingane kjem litt seinare enn det som har vore normalt. Men det kan fort skje at folk vegrar seg for å bruke fly, og går over til andre transportmiddel.

Allereie i førre veke kunne direktør Sigurd Kvikne på tradisjonsrike Kviknes Hotel fortelle om stadige aukande straum av avbestillingar frå amerikanske gruppereisande.

Og Tuftin meiner at Vestlandet er spesielt utsett på grunn av at fjordane og naturen her er så populært blant turistar frå USA og Japan.

— Mange hotell på Vestlandet har spesialisert seg på turistar frå denne regionen. På Austlandet har bransjen større fokus på nærtrafikken, meiner Turistråd- direktøren.

I 2001 stod reisande frå USA og Storbritannia for 13 prosent av utanlandske turistbesøk i Norge, ifølgje Transportøkonomisk Institutt. Dette utgjorde meir enn tre millionar gjestedøgn på norske hotell.

Kort etter 11. september 2001 meinte Norges Turistråd at turiststraumen frå USA ville minke med mellom 30 og 40 prosent. Målt i hotelldøgn vart tilbakegangen på beskjedne sju prosent.

— Vi får tilbakemeldingar frå aktørar som er uroa. Mykje vi avhenge av kor langvarig ein eventuell krig vil bli, meiner Tuftin.

HARDANGER RAMMES: Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum er en av de store turistmagnetene på Vestlandet, som kan bli rammet av turistsvikt.
ARKIVFOTO: KNUT STRAND