KRISTINE HOLMELID kristine.holmelid@bt.no

Politiet fekk melding frå kvinna søndag kveld. Ho sa at mannen har trua henne fleire gonger dei siste dagane. Ein gong har han vist våpen, fortel kvinna.

Politiet trur mannen kan ha tilgang til fleire våpen. Mandag morgon blei han pågripen av politiet på Stord, utan dramatikk.

— Fordi han ikkje skal få mogelegheit til å ødelegge bevis, sit han i forvaring og blir krevd varetektsfengsla tirsdag, seier lensmannsfullmektig Johan Inge Særsten ved Stord lensmannskontor.