PER MARIFJÆREN

Kim Vidar Berdal er den kameraten som var saman med Arve Beheim Karlsen den kvelden han forsvann, og som sprang bak Arve og dei to forfølgjarane over brua i Sogndal sentrum.

Både Kim Vidar og Arve kjente hovudtiltalte frå før, men hadde aldri sett den andre tiltalte tidlegare.

Vidare forklarte Kim Vidar Berdal i retten at han og Arve traff dei to tiltalte på gangfeltet ved busstasjonen i Sogndal sentrum. Der prøvde Arve å komme seg unna den hovudtiltalte, men gjekk til slutt med på å prate med han.

Deretter tok den hovudtiltalte tak i Arve og drog han inn mellom to bussar, fortalde 17-årige Berdal. Like etterpå hadde Arve greidd å vri seg laus frå grepet, og la på sprang med hovudtiltalte i hælane.

I politiforklaringa si nokre dagar seinare sa Berdal at han aldri hadde sett Arve springe så fort.

Her er forklaringa til til hovudvitnet Kim Vidar Berdal, på spørsmål frå statsadvokat Jan Hoel:

(Vitnet har fortalt at Arve og han møtte dei to tiltalte i gangfeltet ved busstasjonen):

Hoel: — Korleis reagerte Arve da NN (hovudtiltalte) ville snakke med han?

Berdal: - Han sprang opp på skysstasjonen på andre sida av vegen.

Arve sprang vekk fra han.

— Tenkte du på korfor Arve sprang vekk fra han?

— Antageligvis fordi han var redd han. Eg og NN (hovudtiltalte) stod igjen etter at Arve hadde sprunge, eg sa at han kunne la være å bråke. Da sa han at han berre skulle prate med han. Vi gikk mot skysstasjonen. Så kom Arve gåande nedover, mot oss.

— Kva vart sagt da?

— Arve gikk med på å prate med hovudtiltalte. Arve og han gikk litt lenger bort ovanfor nokre bussar, eg og NN (tiltalte nummer to) vart ståande igjen.

— Såg du noko til dei?

— Dei prata først, så ser eg NN (hovudtiltalte) ta tak rundt hovudet på Arve og drog han bak bussen.

— Såg dette ut som noko vennskapeleg?

— Nei, det var mot Arve sin vilje.

— Stritta Arve imot?

— Det såg slik ut, ja.

— Snakka du og den andre tiltalte saman?

— Ja, han spurte om eg hadde pengar. Eg sa at eg ikkje hadde, han trudde meg ikkje.

— Sa han noko om Arve?

— Ja, men eg kan ikkje hugse kva det var.

(Her blir Berdal foreholdt si politiforklaring fra april 1999, der han seier at tiltalte nummer to omtalte Arve som -nigger-, -svarting-, -neger-.)

— Du huskar han sa noe, men ikkje kva det var?

— Ja, men det forsvinner ein del etter to år.

— Kva tenkte du da du såg Arve bli dradd inn mellom bussane?

— Eg tenkte det ville bli bråk, at hovudtiltalte skulle ta Arve.

— Arve kom springande fram frå mellom bussane, sprang rundt bussstasjonen på oversida. NN (hovudtiltalte) kom springande etter.

— Var NN tett innpå Arve?

— Han var ikkje langt unna. Det var full spurt. Den andre tiltalte og eg spring etter vi også.

— Kven sprang først av deg og han andre?

— Sa du noko idet Arve og NN (hovudtiltalte) sprang forbi?

— Eg ropte namnet til NN, for å få han til å stoppe, for at han ikkje skulle ta han Arve.

(I politiforklaringa har Berdal fortalt at han aldri hadde sett Arve springe så fort.)

— Så spring alle ned og inn på gangbrua, først Arve så NN (hovudtiltalte) så den andre og så eg til slutt. Det såg ut som om NN (hovudtiltalte) tok inn på Arve. Den andre tiltalte var ganske tett innpå NN. Eg vart hengande litt etter, fordi eg sprang med en pose med vin i. En av dei, eg meiner det var NN, ropte 'drep han' når dei var på brua. Han ropte det høgt, omtrent da dei var midt på brua. Eg sakka litt av på farten, byrja å bli sliten.

Sorenskrivar Velle: - Var det andre rop?

— Dette var det einaste eg høyrde.

Aktor Jan Hoel: - Korleis var avstanden mellom dei tre første?

— Den var temmeleg tett, kanskje litt mer enn ei armlengd mellom dei.

— Ved enden av gangbrua, såg du kvar Arve sprang?

— Han sprang ned under brua.

— Dei to andre, kvar spring dei?

— Dei spring samme veg.

Velle: - Såg du om dei stoppa opp?

— Det gjorde dei ikkje, dei sprang da dei for inn under brua.

— Hadde avstanden mellom dei auka?

— Eg torer ikkje seie nøyaktig korleis avstanden var. Eg hugsar dei var nære han.

— Kor lenge kunne du sjå dei

— Eg såg dei til dei forsvann inn under brua. Eg vart stande på enden av gangbrua, sliten, og då

såg eg to kameratar av meg. Dei var på veg over fra rundkøyringa og mot meg. Eg meiner ein ropte, og spørte kva som skjedde. Eg sa at NN (hovudtiltalte) ville ta Arve. Dei to sprang ned etter dei, samme veg under brua som dei tre.

— Etter at Arve hadde forsvunne ned under brua, såg du Arve igjen?

— Nei

— Ser du NN (hovudtiltalte) igjen?

— Ja, da dei kjem opp att, saman kameratane mine. Eg sprang ikkje under brua, eg gjekk på over vegen og møtte dei då dei kom opp på andre sida.

MISTA BESTEVENEN: 17-årige Kim Vidar Berdal såg Arve Beheim Karlsen bli jaga ned under brua i Sogndla sentrum. Sidan såg han aldri kameraten igjen. I retten hadde han med seg mora som vergje. FOTO: ØYSTEIN TORHEIM