I ei fråsegn fylkestinget vedtok i går ettermiddag heiter det at framlegga frå Helse Vest vil føre til at Sogn og Fjordane får eit sjukehusvesen som ligg tilbake for resten av landet. Fråsegna er uvanleg skarp, og blei vedteken samrøystes. Hovudinnhaldet er eit krav om at Stortinget og regjeringa grip inn for å sikre alle deler av landet ei likeverdig helseteneste.

Fekk hakeslepp

Sjølv om det er eitt år sidan fylkeskommunane miste ansvaret for sjukehusdrifta til staten, er utviklinga i sjukehusvesenet den saka som skaper desidert mest engasjement på fylkestinget i Sogn og Fjordane denne veka.

Frustrasjonen stikk djupt. Fleire representantar gav uttrykk for at dei fekk hakeslepp då sjokkmeldinga kom frå Helse Vest måndag. I ein rapport blir det gjort framlegg om å leggje ned sjukehuset i Lærdal, gjere fødeavdelinga om til fødestove og fjerne akuttberedskapen i kirurgi på Eid og avvikle all somatisk aktivitet i Florø.

Alt i opningstalen slo fylkesordførar Nils R. Sandal (Sp) an tonen:

— Framlegga til nedskjeringar som har komme dei siste dagane, er ei rasering av helsetilbodet vårt. Framlegga er ikkje akseptable. No må vi samle oss for å forsvare dei tilboda vi har.

Skulle greidd det betre

Eitt år etter at staten tok over, skein det tydeleg gjennom at fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane meiner dei skulle gjort jobben med å styre sjukehusa betre enn Dagfinn Høibråten & co.

— Det vi har sett dei siste dagane ville aldri skjedd i den tida fylka eigde sjukehusa. Eg trur det er mange som no saknar å komme til oss, meinte SV-representanten Kirsti Eklund.

Helsereforma fekk regelrett strykkarakter. Tredoble lønningar, oppbygging av administrasjon og hemmeleghald er einaste endringane folk merkar, var omkvedet frå fylkestingsrepresentantane.

— Det var ein lovnad då helsereforma blei innført at lokalsjukehusa skulle styrkast. Nokre må føle grundig lurt, andre må ha dårleg samvit i dag, meinte Liv Signe Navarsete (Sp). Ho såg det som no skjer i sjukehussektoren som eit døme på at den politiske styringa blir redusert.

- Gjer som med NRK

Men også representantar frå parti som no sit i regjering og som på riksplan gjekk inn for statleg overtaking av sjukehusa, reiste uvanleg skarp kritikk.

— Eg ventar at statsråden gjer det klart at Helse Vest sin modell ikkje kan gjennomførast. På same måte som statsråden med ansvar for NRK gjorde då dei ville leggje ned distriktskontor, sa Jostein Kvalsvik (Frp).

Fylkestinget går også langt i å hevde at utgreiinga frå Helse Vest ikkje held faglege mål. Mellom anna blir det peika på at rapporten verken dokumenterer medisinske årsaker for å samle akuttberedskapen på færre sjukehus eller inntektsvinsten med det.