• Slik statsråd skulle vi også hatt. Forsvarsminister Kristin Krohn Devold var populær gjest hjå britiske soldatar i går.

Og statsråden hadde ingenting mot å bli oppvarta av så mange gentlemen på ein dag.

Baud på rødvin

Høgdepunktet kom høgt oppe på Vikafjellet. Der fekk ho prøvt ut peileutstyr for å finna folk i snøras, nesten likt det ho har kjøpt privat, men aldri fått tid til å testa. Etter nokre få spadetak spratt kaptein Damion Huntingford opp av snøhaugen med ein svær blomebukett klar. «Thank you, Ma'm. You have saved my life».

Rett før hadde ho vore på besøk hjå to nederlandske offiserar i ei snøhole med musikkanlegg og flott bilete av statsråden på den kvite veggen. Dei sat i shorts og baud på raudvin og sigarillos.

Isbading

Om kort tid skal statsråden isbada med Krigsskulen. I går sto ho på Ostjørn-isen medan britane plaska uti og måtte opplysa nummer og rang til sersjanten før dei fekk pigga seg opp på tørr is, hiva i seg ein god skvett med rom, og springa rett i dusjen.

— Det såg veldig kaldt ut, sa statsråden, og ga eigenhendig oppkvikkaren til kvinnelege britiske soldatar som plumpa uti.

Statsråden imponerte tilbake. Ho tok ikkje mange telemarksvingar på ski i Bavallen, før hovudinstruktøren for øvinga, major Finnly Wallis, tilbaud jobb som seniorinstruktør.

På Bømoen køyrde ho Scimitar stormstridvogn. Høgrestatsråden fornekta seg ikkje; ho svinga heile tida til høgre.

«THANK YOU, MA'M: Forsvarsminister Kristin Krohn Devold fekk prøve ut peileutstyr for å finna folk i snøras på Vikafjellet i går. Etter nokre spadetak spratt kaptein Damion Huntingford opp av snøhaugen med ein svær blomebukett klar.
FOTO: ARNE HOFSETH