— Før var Holy Riders ein ålreit og inkluderande klubb, som minna om den gjengen som ein gong følgde etter Jesus. Men med Ole Kristian Kjenes som president er styret blitt meir og meir fundamentalistisk, hevdar Ragnar Ruden (48) overfor BT.

Han er diakon i Ski, og har vore medlem i den kristne mc-klubben Holy Riders i ti år. Ruden har også site i sentralstyret, og var inntil sommaren 2001 leiar for lokalavdelinga i Indre Østfold. Men fordi han ikkje er villeg til fordømma homofili, gjengifte og sex før ekteskapet, er han blitt ekskludert av sentralstyret.

- Vestlandspietisme

  • Eg er sjølv gift, og meiner at ekteskapet er den beste livsforma. Men eg vil ikkje vera med på å fordømma folk som har ein annan moralsk ståstad enn presidenten i Holy Riders, seier Ruden til BT.

Han kunne beholdt både medlemskap og jakkemerke, hvis han berre trekte seg som leiar i Indre Østfold. Men han nekta.

— Fordi eg ser på Holy Riders som ein demokratisk organisasjon. Men sentralstyret oppfattar klubben som ein teokratisk organisasjon, altså styrt av Gud og presidenten. Dei meiner dei er innsett av Gud, og gjer det som er Guds vilje.

— Er det vestlandspietistane som har tatt over Holy Riders?

— Eg oppfattar det slik. No er eg redd for at mc-klubben utviklar seg til ei lukka sekt, der medlemmer ikkje tør å seia kva dei meiner. Stiller på årsmøtet

— Kva synest du om presidentens leiarstil?

— Han oppfattar seg sjølv som innsett av Gud, og då kan ingen seia han imot, seier Ruden. Sjølv om han er ekskludert, stiller han på årsmøtet i Oslo 9. februar, der oppheving av eksklusjonen står på sakslista.

— Det er ikkje sikkert eg får lov å koma inn. Men hvis fleirtalet vil ha meg tilbake som medlem, reknar eg med at presidenten trekkjer seg.