I dag er det fem daglege ekspressbussavgangar mellom Førde og Bergen. Trafikkutviklinga har vore svært godt. Talet på reisande har auka, og rutetilbodet har jamt vorte utvida dei siste åra.

Tidlegare i år lanserte Firda Billag planar om ei kraftig opptrapping av busstilbodet mot Bergen. Målet er å få til avgangar annankvar time, på same måte som det i dag går bussar med to timars mellomrom mellom Bergen og Stavanger.

— Vi ser føre oss ei gradvis opptrapping. Men det er klart at dei auka kostnadene vi no blir påførte, vil gjere det vanskelegare å få gjennomført ei slik opptrapping, seier toppsjefen i Firda Billag, Bjørn Nordberg.

Han understrekar at rutebilselskapa ikkje har andre måtar å hente inn utgiftsauke på, enn ved å leggje på billettane.

— Vi har ein sjåfør på bussane, og færre kan vi ikkje ha, seier billagsdirektøren lakonisk.