TERJE ULVEDAL terje.ulvedal@bt.noPresidenten i Den Norske Veterinærforening, Halvor Hektoen, meiner utbrotet av den ekstremt smittsame dyresjukdomen på dei britiske øyane, bør føre til ny gjennomgang av rasjonaliseringsplanane i norsk kjøtsamvirke. Norsk Kjøtt er i gang med ei omfattande strukturendring ved slakterianlegga. Dei kommande åra skal fleire slakteri leggjast ned for å få ein meir rasjonell og industrialisert produksjon. Konsekvensen vert vesentleg lenger dyretransportar. Ei av forklaringane på det voldsomme omfanget av munn— og klauvsjuke i Storbritannia, er nettopp dei lange dyretransportane.- Det er ikkje tvil om at all slags transport av dyr, inneber auka smittefare. Får vi også her i landet eit system med større avstander mellom slakterianlegga, aukar risikoen for utbrot av dyresjukdomar. Den dramatiske utviklinga vi no ser i Storbritannia gjer at eg meiner det vil vere fornuftig at den planlagde rasjonaliseringa av slakteristrukturen vert teken opp til ny vurdering, seier Hektoen til Bergens Tidende.