EYSTEIN RØSSUM eystein.rossum@bt.no— Etter mi meining går det an å tolke dei internasjonale narkotikakonvensjonane slik at sprøyterom i alle fall kan prøvast ut, seier forskar Lasse A. Warberg ved Institutt for rettssosiologi ved Universitetet i Oslo. Han er ein av landets fremste ekspertar på helserett, og har blant anna gitt ut fagboka "Norsk helserett". Sosialminister Guri Ingebrigtsen (Ap) har vist til FNs narkotikakontrollråd INCB når ho har sagt seg strerkt skeptisk til å tillate sprøyterom for narkomane. INCB uttalte i 1999 at dei meiner slike rom strir med internasjonale narkotikakonvensjonar. INCB viste til at all ikkje-medisinsk bruk av narkotika er og skal vere ulovleg. - Det er klart vi må leggje vekt på internasjonale konvensjonar. Men her er det rom for tolking. Då må vi leggje den mest forstandige tolkinga til grunn, meiner Warberg, som ser gode grunnar for å tillate sprøyterom. - Det kan sjåast som eit smittervern-tiltak - smittevernlova gir veldig vide fullmakter for å begrense smittefare. I tillegg døyr folk på gata. Det offentlege har plikt til å prøve å stanse det som minner om ein epidemi, seier Warberg. Han meiner det også argumenterast med bruk av naudrett, slik tilfellet er når anorektikarar blir tvangsftra i strid med lovverket. Han får støtte av den belgiske jusprofessoren Brice De Ruyver ved Universitetet i Gent, som forskar på narkotikapolitikk. I ein fagartikkel har De Ruyver konkludert med at lovverket internasjonal er uklart, men at bruken av sprøyterom for å redusere narko-skader blir meir og meir akseptabelt.Både Tyskland, Sveits og Nederland har opna sprøyterom, trass i kritiske merknader frå FNs narkokontrollorgan INCB. I Danmark bad regjeringas eige narkotikaråd i si tid om at det vart etablert slike rom. Men regjeringa sa nei, etter råd frå INCB. Det fekk dei sterk kritikk for av danske ekspertar. Leiaren for Narkotikarådet i Danmark, dr.med Preben Brandt, kalla regjeringas avslag "ein katastrofe", ifølgje avisa Politiken.