• Senterpartiet stritta mest imot å selje aksjar i Sogn og Fjordane Energiverk, men var mest hipne på å bruke opp pengane, sa fylkestingsrepresentant Svein Kåre Senneset då han helsa årsmøtet i Sogn og Fjordane Arbeidarparti i går føremiddag.

GERDFINN EITHUNSenneset orienterte om vedtaka i fylkestinget sist torsdag: salet av SFE-aksjar og statleg overtaking av sjukehusa frå komande nyttår. Sentrum-samarbeid Fylkesleiar Tor Bremer gjorde valkamp og distriktspolitikk til tema i helsingstalen til årsmøtet. Til liks med hovudtalar Solveig Torsvik varsla han ein beintøff valkamp for Arbeidarpartiet: — Det er berre eit forpliktande samarbeid mellom Arbeidarpartiet og Sentrum som kan sikre og utvide velferdssamfunnet, hevda Bremer. Han inviterte Kr.F, Venstre, Sp og SV til eit langsiktig samarbeid. Takk til Høgre - Vi skal takke Høgre og Jan Petersen for utspelet om skattelette. Det er ein god start på valkampen, sa partisekretær Solveig Torsvik i hovudtalen til fylkesårsmøtet.- Høgre er storsinna når dei legg skisse av skattereduksjonen ut på heimesida, sa talaren og henta fram døme på korleis pakken vil slå ut: Ein lågtløna med inntekt under 200.000 vil få ein skattelette på 233 kroner i månaden, Dei 3400 med ein million og meir i aksjeutbyte vil sitje att med 9600 kroner i skattelette. Det er til smør på brødskiva, slo Solveig Torsvik fast.