Slik begynner historia om matallergi-prosjektet på Stiftelsen Motivasjon & Mestring. Møster er dagleg leiar, og har sjølv erfart korleis kroppen reagerer når den får i seg mat den ikkje tåler.

— Tidlegare var eg harmonisk, men i godt vaksen alder ofte ustabil i humøret, og kjende ei sterk, indre uro. Eg kunne ha voldsomme humørsvingingar, fortel Møster til BT.

- Jo-jo-effekt på blodsukkeret

I tillegg til å vera trippelarbeidande og stressa, la han dagleg i seg kaffi, sjokolade og sukker i store mengder. Han prøvde å få hjelp ved Haukeland sykehus. Der fann dei ingenting, og sa at han var frisk og rask.

Men så tok han ein test ved Vital Naturterapi på Nesttun.

— Der fann dei ut at eg hadde såkalla reaktiv hypoglykemi, som har ein slags jo-jo-effekt på blodsukkeret. Etter at eg la om kosthaldet, begynte å eta ofte og unngå sukker, har eg opplevd ei stor forbetring og blitt mykje rolegare, fortel Møster til BT. - Eg er blitt mykje meir harmonisk og avbalansert. No er eg slik eg var før i tida.

- Sukker er bensin på bålet

Eigne erfaringar ga Møster idéen om å gje elevane ved stiftinga tilbod om å testa seg hos Vital Naturterapi, og han klarte å skaffa 20.000 kroner i sponsormidlar til prosjektet. Men elevane måtte vera interesserte sjølve, og foreldra godkjenna at borna deltok i prosjektet.

— Etterpå har både foreldre og ungar har meldt tilbake om at det er ein tydeleg samanheng mellom åtferd og overforbruk av sukker, seier Møster.

— For det hjelper lite med psykososial trening, hvis ein ungdom er i indre fysisk opprør. Nokre av elevane med åtferdsproblem går rundt som små, tidsinnstilte bomber, utan at dei kan hjelpa for det. Sukker kan kanskje verka beroligande ei lita stund, men i realiteten blir det som å hella bensin på bålet, meiner Møster.