• Det har alltid vore mykje smug-larsprit i Vågsøy. Å drikke smuglarvare er meir akseptert her enn andre stader, seier fungerande sosialsjef Siv Emdal.

Ho meiner grunnen er den store kontakten kommunen alltid har hatt med omverda.For fiskebåtar og andre fartøy trafikkerer stadig Måløy, ei av dei viktigaste hamnene i landet. Mellom båtrekkjene og kaiane i Måløy og Raudeberg går ikkje berre fisk og andre legale varer, også smuglarvarer passerer.Smuglarsprit har alltid vore lett tilgjengeleg. Akseptert i Måløy — No er det sjølvsagt ulike miljø også her i kommunen. Men generelt vil eg hevde at det kulturelt er meir akseptert å kjøpe og forbruke smuglarvarer her enn andre plassar. Slik har det vore i lang tid, seier Emdal.- Er det gjort undersøkingar som stadfestar dette?- Nei, vi kan ikkje slå i bordet med konkrete granskingar. Dette er eit klart inntrykk vi sit inne med. I den kontakten vi har med misbrukarmiljøet, får vi opplysningar om at det er rik tilgang på både smuglarsprit og narkotika. Meldingane vi får tilbake er at det flyt over av det. Flaumen av narkotiske stoff har auka kraftig dei siste åra. Men når det gjeld smuglarspriten trur vi ikkje det er blitt særleg verre. Små beslag Tollstadsjef Kari Silden i Måløy opplyser at Tollvesenet i fjor beslagla 43 liter smuglarsprit om bord på båtar i Måløy. Beslaga skjedde ved stikkprøvekontrollar. Mengda smuglarsprit som blir avdekka varierer nokså mykje frå år til år. Så langt i år har tollarane avdekka narkotika om bord på fiskefarty i hamn, men ikkje ein drope illegal sprit.- Det finst ikkje noko påliteleg anslag over kor utbreidd spritsmuglinga er, seier Silden. - Noko kjem med båtane direkte inn til Måløy, noko kjem frå til dømes austlandet.Silden opplyser at Tollvesenet har planar om å kartlegge omfanget av spritsmuglinga i distriktet.- Arbeidet vil skje i samarbeid med kollegar i Florø og Bergen.