LARS MÆLAND lars.maeland@bergens-tidende.noStord— Slik opplevde me "Sleipner"-ulukka, er tittel på Tellnes sitt foredrag på ein konferanse som denne gong rettar søkelyset mot sikkerheten til sjøs på den tre dagar lange konferansen som går av stabelen for niande gang. - Media - venn eller fiende i det langsiktige sjøsikkerhetsarbeidet, er den spørjande tittelen sjøfartsdirektør Ivar Manum har som stikkord for sitt innlegg, medan Arild O. Eidesen, leiar av granskingskommisjonen etter "Sleipner"-ulukka avslutningsdagen formidlar sine tankar i ettertid om "Sleipner"-havariet.Undervegs vil statsråd Grete Knudsen i Nærings- og handelsdepartementet skissera sine meiningar om kva som er hovudutfordringa for norsk skipsfartspolitikk. Leiar Oddvard Nilsen i Stortingets samferdslekomite er med i panelet når utfordringar for norsk sjøtransport og hamneverksemd i nasjonal transportplan skal debatterast, i selskap med blant andre fiskeriminster Otto Gregussen.