• Innhaldet er klart truande. Det er kanskje for sterkt å karakterisere det som står skrive for direkte drapstruslar. Men det er utan tvil skrive for å skremme.

Slik karakteriserer politiførstebetjent Torfinn Søvik ved Florø politistasjon innhaldet i det eine trusselbrevet som er overlevert politiet.Dei to breva er begge poststempla i Bergen. Vedlagt det eine brevet ligg fleire utklipp frå lokalavisa Firda som kjem ut i Førde. Dette er artiklar som handlar om innvandring. — Inneber dette at politiet trur den eller dei som har sendt dette bur i Sogn og Fjordane der Firda har sitt nedslagsfelt?- Det ønskjer vi ikkje å spekulere i.Før Herdis Seim konkret melder saka til politiet, kjem det ikkje til å verte føreteke noko etterforsking for å finne ut kven som har sendt trusselbreva.- Kor vanskelege er det å finne ut kven som har sendt desse breva?- Det er ikkje heilt enkelt å etterforske slike saker. Men uansett er det viktig at folk kjem til politiet når slike ting skjer, seier Søvik.