PER MARIFJÆRENper.marifaeren@bt.no

Som venta gjekk den profilerte høgsterettsadvokaten hardt ut mot politiarbeidet i Beheim Karlsen-saka. Han starta med å ta for seg tilleggsetterforskinga som starta i februar i år, like etter at tiltalten for rasisme vart tatt ut.

Katastrofedokumen Dette skjedde like etter Holmlia-drapet i Oslo, eit samantreff Staff ikkje lot ligge utan å kommentere ved å vise til det rundskrivet Riksadvokaten kom med etter drapet.

— Rasismetiltalen bygger på eit skrekkelsempel på korleis etterforsking ikkje skal være, sa Staff.

— Denne etterforskinga vart starta etter drapet på Benjamin Hermansen. Politifolka fekk direktiv frå lensmannen om å gjennomføre etterforskinga i løpet av ei veke.

Lensmann i Sogndal skreiv instruks til sine medarbeidarar om denne lynetterforskinga, med ei smørbrødliste på åtte-ti punkt.

— Det er eit katastrofedokument, stikk i strid med all teori og tenking om korleis vitneavhøyr skal være, tordna høgsterettsadvokaten i retten.

Suggessivt trykk - Det var eit skuleeksempel på korleis etterforsking ikkje skal være, og var forhåndsdømt til å gå gale.

Staff viste til korleis polititenestemennene vart detaljinstruerte i å få fram spesielle forhold, og ikkje kunne gjennomføre avhøyr der vitna snakka fritt.

— Det låg eit suggessivt trykk i denne etterforskinga, på eit tidspunkt der hele nasjonen koka etter drapet på Benjamin Her-mansen, sa Tor Erling Staff, som avsluttar si prosedyre torsdag ettermiddag.