Men sentralt i NSB er ein ikkje villig til å skriva under på at dei nye toga er ein fiasko på vêrharde Bergensbanen. Når ein får bukt med barnesjukdommane, vil toget framstå som framtidsretta, vert det hevda. Vi blir minna om NSB sin toppsjef Einar Enger sine ord til Bergens Tidende på introduksjonsturen sist haust:

— Også Bergensbanen må fornya seg. Svært få ynskjer seg attende til damplokomotivet, sa Enger.

— Hadde NSB late seg styra av kritikarane fram gjennom tida, ville Bergensbanen framleis hatt veterantog med damplokomotiv. Også den togtypen som folk i dag ynskjer seg attende til, vart møtt med beisk kritikk då han vart sett i trafikk på Bergensbanen, minner informasjonssjef Arvid Bårdstu om.

Mangelen på skikkeleg snøplog er berre eitt av ankepunkta mot Signaturtoget. Det manglar også plass til syklar, ryggsekkar og ski. Ein billettpolitikk som favoriserer passasjerane som reiser heile strekninga framfor dei som stig av eller på undervegs, gjer ikkje saka betre.

Bårdstu stadfester at NSB har droppa idéen om å bruka det vinterledige togsettet på Flåmsbana til å supplera på strekninga Bergen-Geilo. Trafikkselskapet har rett og slett ikkje nok lokomotivførarar, korkje i år eller neste år.